mandag 12. september 2011

Vindenergi i Noreg

Eit av spørsmåla eg ofte får av vener er: «Er det noko vits for Noreg å forske på vindmøller? Det er jo så mange fleire i Danmark og Tyskland, dei må jo vere mykje flinkare innan vindenergi? Og kvifor treng vi vindkraft? Det er jo så masse vasskraft her, det er jo fornybar energi! » Svaret mitt ikkje eit fasitsvar, men det er grunnen til at eg har trua på at norsk vindkraftindustri har ei framtid.

Det er meir enn 30 år siden det blei starta oljeboring i Nordsjøen. Utviklinga som ein hadde i oljeindustrien då, kan på fleire område samanliknast med den utviklinga som ein står ovanfor i vindindustrien. Historisk sett var det på land ein fann olje, og i starten vart det sett på som ei umogleg oppgåve å få opp det svarte gullet frå havbotnen. I dag veit vi at det var mogleg. Noreg kan nytte den kunnskapen som ein har fått frå oljeindustrien til å bygge opp ein industri av flytande vindturbinar som kan gje grønn kraft til det europeiske kontinentet.

I starten av oljeeventyret i Nordsjøen var det ein god del utprøving av konsept. Ein av dei første boreriggane var landbasert utstyr plassert på ein flytande lekter. Dette fann ein fort ut at var ein dårleg ide, og innovative løysningar vart tatt i bruk. Ein kunne bore og finne olje på stadig djupare hav, men det har vert ein lang prosess for å komme dit ein er i dag. Eg trur at vi må gjennom ein liknande prosess for vindmøller til havs. Det er kanskje ikkje den tradisjonelle horisontalt aksla vindmølla med fire blader som er det beste konseptet å satse på?