fredag 5. juli 2013

Vind energi i Noreg – ikkje eksisterande?

av Lene Eliassen, Stipendiat ved Institutt for kostruksjonsteknikk og materialteknologi, Universitet i Stavanger

Når eg fortel at eg tek ein doktorgrad innan offshore vind turbinar, så tek det ofte ikkje lang tid før eg får spørsmålet: «Men er det eigentleg nokon framtid for vindturbinar i Noreg? Er vindturbinar eigentleg så miljøvennlig? Eg har hørt at Statoil har vindturbinar berre fordi dei skal vere grønne, og dei kjem aldri til å vere kostnadseffektive?». No har eg mitt forskingsfelt innan aerodynamikk og struktur, og er ikkje ein ekspert på økonomi og politikk. Men eg vil gjerne forklare kvifor eg trur at min forsking, saman med den forskinga som vert gjort av mine kollegaer i NORCOWE er viktig for norsk industri og samfunn.

Mitt namn er Lene Eliassen. Eg er stipendiat ved Universitetet i Stavanger og er med i forskingsenteret NORCOWE. Min avhandling har hatt arbeidstittelen «Dynamisk analyse av offshore vindturbinar» og har hatt fokus på aerodynamikk. Det er ikkje lenge att før eg skal levere inn avhandlinga der eg skal gi oppsummering av det eg har lært gjennom stipendiatperioden, som har vert ein spennande og lærerik periode. Eg har fått arbeide med det som er noko av verdas største turbomaskineri, og samtidig bidreg med eit lite steg nærmare ein meir klimavennlig verd. Men no er det ikkje mi forsking i detalj eg vil skrive om, men kvifor eg synes det er viktig at ein har fokus på vind energi i Noreg.

I Noreg er vi heldige og er forsynt med store mengder energi frå naturens side, både i form av olje og hydrokraft. Vi har i utgangspunktet meir enn nok energi tilgjengelig, og er ikkje avhengig av andre for å produsere energi for oss. Men det er fleire andre som er det, og som er på jakt etter alternative energikjelder som fortrinnsvis er fornybare. Dette er ikkje kun for å vere miljøvennlig, men også for å unngå å vere avhengig av andre land sine varer. Storbritannia er ein av dei landene som satser størst, og har planer om å installere store mengder offshore vindturbinar dei kommande åra. Noreg ligg ikkje langt unna Storbritannia og er allereie involvert i ekspansjonen av offshore vindturbinar.

Som ein konsekvens av oljeaktiviteten i Nordsjøen, så er Noreg ein av dei leiande nasjonane innan marin teknologi. Det er kunnskap som kan, og bør utnyttast, med tanke på satsinga på offshore vind som ein har i resten av Europa. Allereie så er 1600 offshore vindturbinar installert, og enda fleire skal installerast. Statoil var tidlig ute med Hywind, som var den første fullskala flytande vindturbinen i verden, og som har vist seg å være ein veldig produktiv vindturbin. Statoil og Statkraft har også gått saman og eig vindturbinpark som forsyner England med fornybar straum.

Det er ingen leiande norske selskap innan vindturbinar, men vi har gode selskap innan offshore installasjon, vind- og bølgemålinger, fundamenter etc. Offshore vindforsking er ikkje berre kor mykje ein får ut av ein vindturbin, det er også korleis ein best kan melde veret på ein offshore vind plass eller korleis ein lettast kan komme frå eit fartøy og over til ein vindturbin. Dette er teknologi som vi i Noreg har ein god basis i frå offshore olje og gass, men teknologien må tilpasses det nye fagfeltet. For å få dette til treng ein å få ei betre forståing for vindturbin-teknologien, og det er difor det er viktig med forskingssentre innan offshore vind.

Dersom eg ikkje hadde hatt trua på at offshore vindteknologi har ei framtid i Noreg, ville eg nok ikkje ha tatt ein doktorgrad innanfor fagfeltet. Eg trur arbeidet som eg har gjort, der eg er med på å auke forståelsen av korleis kreftene frå vinden er i forhold til kreftene frå bølgjene, kan vere viktig for at norsk industri skal utvide sin offshore olje og gass kompetanse til å inkludere offshore vind. Visste du til dømes at ein roterande vindturbin vil i nokre tilfelle gi mindre utmattingslaster enn ein vindturbin som står i ro? Dette er viktig å ta hensyn til når ein designer eit fundament til ein offshore vindturbin på eit verft i Noreg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar